fredag 3. januar 2014

TAKK FOR DET GAMLE

 Godt nyttår - og takk for det gamle. Det høver fint å seia slik til kvarandre når det gamle året takkar for seg og det nye er på veg inn.
Ikkje mange dagane før jul fekk eg ei gåve som og gav meg grunn til å takka for det gamle. Ein kjenning var oppom Hykken med noko gamalt skrot av nokre bøker. Han ville ikkje ha dei, dei var gamle som alle haugar.
Men eg ville ha dei. Fleire av dei skal i glasbur når det nye biblioteket mitt i fjoset vert ferdig.
Her var eventyrbøker, bøker av Rasmus Løland, Theodor Dahl og ikkje minst mange høgreligiøse skrifter.

"Under Jærens Himmel" er skriven av Theodor Dahl i 1942 (denne utgåva er frå 1943)
I boka finn eg mykje god jærsk humor - og ei avkrefting av at Jæren er det mørke fastland.
"Jæren er det lyse fastland" slår han fast i siste setningen i boka.








Kanskje kan denne forteljinga syna litt av "tonen" i boka :

"På Husveg i Varhaug lå en mann i høyløa om natten. Det var i slåtten, og han likte å kjenne den fine høyangen. Bort på natten måtte han opp et naturens ærend. Mens han stod der i løa sanste han ei hulder, som sat oppå slindro og glodde på ham og lo. Men manne brydde seg ikkje om hulla.     Han bare stod han. ----- Og så sa han opp til henne:   ---Ja bare le du. -------Så grede du inkje den stonno. ---


Ser fram til mykje god lesing i tida som kjem.

Og om eg har noko nyttårsynskje til deg så må det vera at du dette året har nokon kring deg som er så glad i deg og tek så godt vare på deg som dette:

"Selv om månen faldt fra himlen lukst i hovedet på mig,
om den slo mig rent ihjel,
elsker jeg dig ligevel"


Godt nytt år - og takk for det gamle.







2 kommentarer:

  1. Gamle bøker fra Jæren må nå være en skatt.
    Kan tenke meg du får mange fornøyelige stunder
    sammen med de.
    Ha ei herlig helg :)

    SvarSlett
  2. Hei :) koseligt igår. Veldig fin blogg du har, mye kjekt å sjå her. Komme til å følge deg vidare :)
    Helsing Anne-Lise

    SvarSlett