søndag 29. desember 2013

Gildt med ein dag i "Poddebuå"

 Nå har me hatt mange og lange juledagar. Veret har desverre synt seg frå si meir ville side denne jula, og det har blitt mange innedagar. I dag kjende eg at eg måtte ut å vera litt kreativ eller noko sånt.
Under låvebrua har eg mitt eige rom der eg har "greiene" mine. Ein god stad når eg skal nyta litt kvalitetstid åleine.


 Trappa ned til "poddebuå" mi likar eg godt. Han byggde den nok slik farfar, for at ho ikkje skulle ta for mykje av romet, dei var kreative før og.
I dag har eg berre gjort grunnarbeid for nye kransar, må opparbeida meg eit lite lager no medan trea og buskane er frie for lauv og blad. I dag bruka eg kvistar frå ulike buskar. Eg er alle mest glad i å arbeida med bjørk, det er noko med fargen og lukta. Men berre for å syna at uansett kvar for hagebusk du skal klippe eller beskjære så kan kvistane brukast til krans.
Krans av Islandspil


Den til venstre er laga av kvistar frå Brudespirea, den til høgre er av bjørk
og er tenkt som påskepynt.

Kvistar av Potentilla

Krans av lerkegreiner

Kransane klarer godt å liggje ei stund før dei vert tekne fram og pynta. Romet mitt er litt fuktig, det gjer at kransane ikkje tørkar for mykje og vert "sprø"
Har medan eg blogga dette og sett på(multitasking?) eit program på NRK om nordlyset - fantastisk. Fekk du ikkje med deg det så anbefaler eg deg å finna det på nettet. Nokre naturfenomen kan setja ein heilt ut. Fekk lyst å verta ein nordlysturist i vinter.


1 kommentar:

  1. Godt å ha et slik rom der ting ligger klare
    når en føler for å sette i gang.
    Har forstått at det har vært
    vel mye vær på Jæren i jula.
    Her har det heller ikke vært
    normalt julevær. Men er redd vi får
    vinteren senere.
    Ønsker deg ei riktig god nyttårsfeiring :)

    SvarSlett