søndag 9. juni 2013

Det er alltid litt for tidleg å gi opp

Dei uvant store snømengdene på Jæren i vinter sette sine spor, det har eg skrive om tidlegare. Eg levna ikkje kvisten av eit plommetre som stod att store sjansane. I sin spede barndom var den og blii overkjørt av ein plentraktor, ved eit hell. Nei, no kan han ikkje klara meir, tenkte eg.
 Men det hadde no ikkje vorte at eg grev han opp enno.
Denne helga tenkte eg det var på tide å få vekk den kvisten - men der fekk eg meg ei overrasking. Det spirer frå stammen.
Eg kunne ikkje grava han opp - kan han visa slikt livsmot, då fortener han ein sjanse til.


Eg trur dei får stå alle om dei ser litt pjuskete ut.

Me har litt att å læra av plantene i år.

Det er alltid litt for tidleg å gi opp.

For bakom skyene er himelen ALLTID blå
Ha ein fortreffeleg søndag :-)

tirsdag 4. juni 2013

Farmor si kjøkkenvekt

Eg fekk arva faromor si kjøkkenvekt.
Ho er fin synes eg, og sjølv om eg ikkje brukar henne når eg bakar.
Så står ho der og minnar meg på ei tid då (neste) alt som skulle etast vart laga på kjøkkenet i Hykken.
Eg trur det var ei god tid.

Legg med eit bilete av eit av dei gamle servisa frå henne og. Ikkje så mange delar att, men når eg legg det serviset saman med dei andre eg har nokre delar av då får eg eit spanande og nostalgisk kaffibord til gilde selskap.
Ha ein fin tysdag :-)

mandag 27. mai 2013

Sterke røter

20. april 2013
Ein søndag - eg reknar iallefall med det var ein søndag - då gjekk farfar ein tur på Sæland. Der fekk han sjå ein hegg som blømde så fint. Han brakk av ein kvist for å ta han med heim, slik at farmor kunne få sjå kor fin heggen var.

Heime vart kvisten sett i eit glas vaten, der stod han nok og lyste opp ei stund, men sjølvsagt tok blomstringa slutt. Då bar farmor kvisten ut i hagen og stakk han ned i molda.

Der slo han røter, vaks og vart eit tre. Kvart år gjekk dei å venta på at heggen skulle bløma, den står ikkje lenge i full bløming, berre nokre få dagar. Så drysser blomane av og legg seg som eit kvitt og lyserosa teppe i hagen.
 I dag er heggen i hagen vår stor og sterk. Kvar vår går me og gler oss i månadar til heggen skal bløma.
Ei fin historie, som er blitt ei av historiene som ofte kjem fram når familien vår samlast. Det er noko tryggt og samlande med dei historiane som høyrer til familien.

Ein dag skal eg samla på alle dei historiane og skriva dei ned.
Det er ikkje berre heggen som har sterke røter -
Familiehistoriane gjev oss sterke røter, og gjer oss trygge på kven me er.

     Din familie har sikkert og sine historier. Og dei kan vera vel verd å ta vare på og fortelja vidare. Det du i dag synes er berre trivielle hendingar vert ein dag historier som kan gje dei som kjem etter deg trygge røter.




2. mai 2013 
9. mai 2013

26. mai, frå andre sida denne gongen.

24. mai
 
Det beste i verda er å ha noko å gle seg til. Difor endar mitt inlegg her, rett før blomane spring ut.
Av og til skulle eg ynskja eg kunne stoppa tida litt, slik at eg kunne få nyta meir.

lørdag 25. mai 2013

Det blir ein varm sommar


Ask før eik gir steik


Det er travle tider i Hykken, då våren endeleg kom var det mykje me ville få gjort, då vart det ei stund lita tid til å sitja med maskinen og blogga.
Men i dag måtte eg berre koma med ein spådom for sommarveret.
Dei seier nemleg at frå gamalt av kunne sommarveret fastsetjast ut frå om det var EIK eller ASK som spratt fyrst.

I dag kunne eg registrera det - og her kjem biletbevis

Eika i hagen i Hykken har gitt tapt for aska i år.
Gleder meg til varme sommardagar.

- eg synes eg ser det heilt tydeleg.....


Og uansett, i dag skin sola frå nesten skyfri himmel.

Ein ser det ikkje frå avstand -
men går ein nære så ser ein at blada er på full fart ut

lørdag 11. mai 2013

Vårsysler i regnveret



I dag har det eigentleg vore ein trist, grå og regnfull dag. Likevel har eg storkosa meg og fiksa opp rundt dørene.
I dag var det inngangen til fjoset og  plattingen eg tok for meg.

Det er ein kald vår me har hatt, til nå - men så kan det berre verta betre.
Likevel spirer og gror det, trea er klare til å springa ut og rundt oss er bakkane snart heilt grøne.
Og no på ettermiddagen ser det ut som det lettar litt - herleg.


Eg likar godt kvite blomar, men synes alltid det må vera nokre skikkelege fargeklattar innimellom.
Knall lilla er absolutt ein favoritt.


Line har laga det fine skiltet til oss, nå heng det på veggen ved inngangen til fjoset.
Sommarfuglar har "landa" i veggkransen.

Så vart inngangen til fjoset og litt trivelegare, imorgon skal det vera konfirmasjon der inne. Håpar på finver for deira del og.

torsdag 9. mai 2013

"Jordbærstad"

Juni 2012
Det hender ein treng å gøyma seg vekk litt, vera ein stad der ein berre er seg sjølv. Då snakkar mange om at dei har ein "jordbærstad" Ein stad der dei fyller batteria og finn roen. Eg har ikkje ein stad, men ein veg. Heldigvis treng er ikkje gå langt for å finna han, berre rett rundt løeveggen. Der går den "gamle vegen til Taksdal".
Då eg var liten og var på besøk hos farmor og farfar hende det på fine sommardagar at farmor var med meg og gjekk til Taksdal for å bada. Då gjekk me nedover den vegen, og på vegen måtte me forbi eit hus der det budde ei dame som lika å drøsa. Eg tykte det var kjedeleg å stå å venta medan dei skulle snakka seg ferdig. Difor sa eg alltid at eg håpa ho ikkje var ute. "Eg skal passa på å ikkje snakka lenge viss ho er der" sa farmor. Ho var der som oftast, det eg ikkje skjøna då, men veit no var at ho sjølvsagt såg oss på lang avstand - og sjølvsagt ville dei to snakka saman, ein ser ting med andre auge når ein vert eldre.
9. mai 2013
Langs vegen er det gamle grinder som har stått stille lenge. Men her har hest og kjerre svinga ut og inn mange gonger. Det var aldri traktor i Hykken, hesten gjorde jobben.

Eg har rusla nedover og oppover vegen med barnevogn med babyar i som skulle sova. Eg har rulsa kveldsturar med hundar før leggetid.
Og eg har gått flaggermus-turar med guttane mine på seine sommarkveldar - for her kryr det av flaggermus.
9. mai 2013
Min jordbærstad er fyllt av minner - det er det som gjer det til min jordbærstad.
Gode minner - trygge minner - minner som gjer meg til den eg er.
Å gå heimover på den "gamle Taksdalsvegen" i det sola er på veg ned etter ein fin torsdag i mai - graset er på veg til å verta grønt, og heile sommaren ligg framom - Enkel lykke

søndag 5. mai 2013

Hønegarde i hagen

Me har hatt høner i Hykken før, og det likar me godt. Men i haust vart me einige om at hønene nok ikkje hadde det heilt godt der dei budde. Det var ein alfor kald og mørk del av garden. Difor  fann me ut at det var best om me flytta hønegarden tilbake der han var "før i tida" Og då meinar eg den "før i tida" då eg var liten. Før det igjen var dei der eg no har kjøkkenhagen.
Men sørføre fjoset der vil det nok verta godt å vera høne. Me var på Felleskjøpet på Varhaug å handla inn nett og gjerdestaur.
På laurdag var det surt og kaldt, likevel sette me igang med godt mot. Irriterande at ein skal få naglabed av å arbeida ute i mai.
Men me kom så langt at me fekk nettet opp før me tok kveld.

 I dag var veret mykje betre og det var rett og slett kjempegildt å vera ute å "gjera litt" Så no er hønegarden klar til innflytting for 5 høner - god plass får dei iallefall.


Då eg skulle mala på døra sat eg med nasen i malingsboksen - ein god orsaking for at eg stava feil og gløymde siste i`en i familien - men eg fekk pressa han inn. Og   -ja eg er norsklærar.........