torsdag 19. mai 2016

Dei lyse dagane



Alle desse dagane som kjem, helsar og forsvinn. Ein straum ein berre må fylgja. Mange av dei forsvinn for oss i rekkje av dagar som me kallar kvardagar. Men innimellome kjem dei lyse, fine og minnerike dagane, dei me ber med oss
13. mai 2015, ein fin vårdag, stod me på ein terassen og kikka mot Ombo, Jelsa og heilt til Kårsø - og me kjende det siga inn - no eig me ein teig i Ryfylke.
Godt og vel eit mål, med ei raud hytte på kan fort kjennast som ei lykke på jord.
I året som har gått som hytteeigarar har me fått gjera oss kjent med eit landskap heilt ulikt det me bur i til dagleg.

Her fiskar me, går i fjellet og drikk eplesaft frå "nabogarden" og tek med oss ski til Gullingen om vinteren.
Me har opplevd mange fine og rolege stunder, dagar å gøyma på.

Men me har og fått erfara at det har sine utfordringar og gjera seg kjent i nye miljø.

Me har lært at i fjøra er det glatt, og om ein dett og set seg på armen sin - så kan det enda med gips.
Me har lært at fiskekrokar kan vera skarpe dei - og har skjøna litt meir av korleis det kan vera å vera fisk på ein krok.
Og me har lært oss at bratte bakkar og uelegante flygeturar, fort kan enda med mange veker på krykker.



Og sjølv om sommaren 2015 ikke gav oss mange solrike dagar og kveldar - så har me fått mange lyse dagar likevel.
Og mange fleire skal det verta - kanskje me til og med får solrike dagar denne sommaren.

......det er von i hangande snøre............

......lykkens sommerfugl setter seg på den som har tid til å vente.......










1 kommentar:

  1. Ja det er flott inni Ryfylke Gratulerer som hytteeiger
    og håper dere får mange flotte dager der denne
    sommeren :)

    SvarSlett