søndag 8. mars 2015

Våronn med klisterføre


Denne helga kom vårkjensla - for alvor.
Milde fine dagar med solgløtt tidlegare i veka gjorde at eg hadde store planar for helga.
Bed skulle ryddast, blokker kjørast vekk og spirene skulle fram i lyset.

Gløymde heilt av å sjekka med YR.

Det vart regn.
 Ja, ja - eg var så klar at det var berre på med regnklede og ut i hagen.

Utruleg godt  å koma igang med våronna.

Desse snøklokkene kom for 18 år sidan i ein handlepose frå garden der eg vaks opp. No har dei formeira seg slik at eg kvar vår får eit kvitt teppe nederst i hagen.


Hagen er på ingen måte tørr, her er tung leirjord.
Og føret denne helga må nok kallast klisterføre, iallefall klistra det seg store klumpar under støvlane.

Har ikkje våga meg på å planta ut noko anna enn påskeliljer og perleblomar enno.
-Sjekka med YR, det kan verta frost att neste helg.

Måtte ta med eit bilete der den rosa fine trillebåra mi var med.

På ein måte var det me to som feira kvinnedagen i Hykken i år.
Me gjekk i tog mellom bed og komposthaugen.

GRATULERE MED DAGEN JENTER

4 kommentarer:

  1. Det er bare så flott med ei hvitt teppe av snøklokker
    Skulle ønske jeg fikk til det her, men de jeg har plantent
    har ikke overlevd. Herlig den rosa trillebåra.
    Må jo være en flott måte å feire dagen på. Godt å få ryddet opp ute.
    Alt for tidlig til det her, men den dagen kommer eom en måneds tid tenker jeg.
    Ha ei flott våruke :)

    SvarSlett
  2. Å så fint det er hos deg! Liker den rosa trillebåren din :) Gratulerer med dagen ! :)

    SvarSlett
  3. Så fint med alla snöklockorna. Ha en fortsatt trevlig Påsk! Marika

    SvarSlett
  4. I am extremely impressed along with your writing abilities, Thanks for this great share.

    SvarSlett