lørdag 22. desember 2012

Smalaføter - jærsk mattradisjon


Heilt frå eg var ganske liten har eg ete smalaføter før jul.
Hugsar godt at eg sat på kjøkken på Time og åt føter saman med moster, "Pitter", far og oldefar.
Smalaføter er gammal tradisjonsmat på jæren. Den stammar nok frå den tida då alt på slakta dyr skulle nyttast.

Føtene er skolla, det vil seia dyppa i varmt vatn og skrapa for hår. Så er dei svidde, helst over einarbål og salta.
Dagen før dei skal etast må dei vatnast ut.
Så skal dei kokast i 7 timar, så i dag ringde klokka tidleg for meg. Opp klokka 6 for å koka føter.
"Alt for å halda oppe kulturen" mumla han i nobosenga då.

Me skulle vera 19  til middag, ikkje alle et føter, så resten skulle få pinnekjøtt. Men alle må prøva, elles er ein ei pingle :-)
Det er fyrste gongen eg lagar og serverer føter, og det hadde ikkje gått utan starthjelp frå meir erfarne "fodakokker"
Men etter i dag er det bestemt at så lenge me får tak i smalaføter så skal det serverast før jul i Hykken.

Her vert føtene fiska opp av gryta og lagt på fat.


KULTUR på tallerken

Kjenner i heile meg at nå er jula igang. Heldige oss som alle desse gilde folka å vera saman med.

2 kommentarer:

  1. Vet du, eg har aldri smakt på smalaføder.
    Min mor er fra Jørpeland, og hun laget ikke sauføtter. Det ville hun ikke ha. Og dermed ble vi aldri introdusert for den "delikatessen" Er litt usikker på om eg ville like det. Pitter på Time har eg hørt min far snakke om.
    Kan ikke si eg er helt sikker på om eg husker hvor han bodde. Ønsker deg ei herlig førjulshelg :)

    SvarSlett
  2. Hei, jeg er noen år for sent ute, men hvor kan man få tak i saueføtter?

    SvarSlett