søndag 16. desember 2012

Ut av snøen


Det er sjeldan me har vore så glade for å sjå ein snøfresar.           4 dagar innesnødd er i meste laget synes eg. Ikkje at me har lidd noko naud, har hatt både mat og ved og alt det der. Men å vita at ein ikkje kjem seg nokon stad, det er ikkje så gildt.
 Dessutan skulle eg i dag ha blogga ein god gamal jærsk mattradisjon før jul, nemleg smalaføter. Men det sette veret ein stoppar for. 21 gjester må venta ei stund til med å få eta føter.
 




Snøfresaren klarte jobben, men det tok litt tid. Blaut og tung snø er ikkje det lettaste å arbeida med for ein snøfresar heller.


Men han kom seg gjennom - heldigvis.
Nei, det er ikkje Brokke-Suleskard.
Det er Hykken-Undheim

Stine framfor brøytekanten
Brøytekantane er best å ha på film - ikkje sikkert me trur det me har sett om det ikkje er dokumentert.
Denne jærvinteren blir nok noko me kjem til å snakka om ei stund.
Eg likar eigentleg ikkje snø - synes den kan halda seg i Sirdalen, så kan eg besøkja han når eg har lyst.
Eg har ikkje skifta meining - normal jærvinter er best synes eg. Klimaet på sørvestlandet uten kvit snø, berre med ferdig måka snø er best for meg.
Eller - det var fint då me hadde 75 cm snø, eg kunne hatt det slik. Det er berre det at på jæren vert snøen aldri liggjande stille lenge - vinden kjem alltid å flytter han. Og då kjem problema.
Men veit du, VERDENS BESTE snøfresarmann frå RISA - han fresa opp heilt inn til gardsromet.
Vin og sjokolade frå oss til han. I tilegg håpar eg NISSEN fekk med seg den gode gjerningen og lønner han vel.

1 kommentar:

  1. Er ikke glad i snøen eg heller. Men har nå bosatt meg på et sted med stort sett snø minst fem måneder i året.
    Jaja, slik kan det gå når kjærligheten gjør"blind" hehe.
    Er jo litt rart så se all den snøen på Jæren nå, og så de var det grønne jorder rett ved. Det fortellere litt om hvordan vinden flytter på snøen.
    Ha ei herlig førjulsuke :)

    SvarSlett