fredag 14. desember 2012

Tøft ver på Jæren i dag

Det er så avgjort ver for vidarekomne i Hykken i dag.
All snøen som hadde lagt seg fint på markene, har fått det travelt med å flytta på seg. Det skuldast nok den kraftige vinden som nå uler om huset.
Alerede då me stod opp var me innestengde att, etter at me fekk ein liten "pause" med handletur i går kveld etter at greie naboar hadde måka oss ut.
Det vart nokre staselege snøhaugar av snøryddinga.
Kjempefine til å byggja snholer i, og det er det me har gjort i dag. For på tross av snøstorm, så må me lufta oss.




Vegen forbi er snøa att med 2 meter høge fenner. Ein traktor prøvde seg forbi her i 12 tida, men kom ryggande tilbake.

Stine har fått seg "Prinsessetrone" inne i snøhola og som seg "hør og bør" fakklar på veggene.
Det gjeld å finna på ting - og så lenge ein berre oppheld seg i gardsromet går det fint.

Olav og Sindre skal ein tur ut til vegen for å inspisera snøfenner. Dei kan berre konstatera at me vert verande her heime ei stund framover.
Eit skikkeleg "snøinferno" må ein kunne kalla det når vindkasta kjem - og ennå er det aukande.
Men sjølvsagt klarer me oss, me har mat, kaffi, snop og ved.
For å vera heilt ærleg - så er det koseleg og forfriskande med ein jærsk snøstorm. Men aldri før har det vore så store mengdar snø som var på flyttefor samstundes.
Så spørs det om eg seier det same når stormen etterkvart har passert.........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar