søndag 23. desember 2012

Kvelden før

Kvelden før kvelden i kveld.
Ein kveld me skal vera litt stress og ha det travelt vert det sagt.
Men det får så vera. Me har sige ned i sofaen. Det me no ikkje har fått gjort vert ikkje gjort i år.
Treet er pynta og ein kan nesten ikkje sjå at det manglar greiner på sida mot veggen, eller at greinene er svært ujamne. Drysser gjer det og, alereie på veg inn. Det har sin sjarm og luktar jul, det gjer det.
Tidlegare har eg skrive om at me testa ut speking av rådyrlår. I går tjuvstarta me prøvesmakinga, i kveld er det alvor. Raudvin, rådyrlår og kvelden før kvelden på tv. Kjenner skuldrene senka seg, nå er det jul.
Og korleis rådyrlåret smaka - eg trur me lagar to neste år. Møyrt og passe salt, me var heldige med det.

Songen Kvelden før kvelden høyrer med. (trykk på tittelen, så får du høyra songen)

God jul alle saman - frå oss i Hykken



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar