onsdag 26. desember 2012

Julekveld i Hykken


Dei fleste av dykk har det sikkert som oss, at me har faste tradisjonar for korleis alt skal vera på julaftan.
I år såg eg "Snekker Andersen og julenissen" saman med Stine, dei store synes det er blitt altfor tidleg å stå opp ( eller måtte nokre timar på jobb)  Synes liksom eg må sjå den før det vert skikkeleg jul.
Men klokka 2 var heile gjengen samla på kjøkken til grøt med mandel i. Og tradisjonen tro kasta alle seg inn i kampen om å finna mandelen -  i år var det Ragnhild som fekk mandelgaven.




Grøten me et juleaftan skal vera ekstra god, difor hadde eg vore i tanken i Botn (nabogarden) og henta melk rett frå kua. Det blir best grøt av melk som ikkje har vore innom meieriet,
I tilegg bruka eg  eit tips frå Wenke Andersen i god morgen norge om å ha eit beger rømme i julegrøten, det var veldig godt.


Julekvelden feira me i fjoset med pinnekjøtt, riskrem, nisse besøk, gang rundt juletreet og alt som høyrer til.
I år var me saman med mormor, morfar, moster, faster Kjellaug og søskenbarn.
Julenissen kom på besøk, og i år var det litt mystisk, for rundt bordet mangla ingen. Kanskje det var den ekta nissen i år.
Gave til alle hadde han med. Me har nok vore snille nok alle saman i år.
Stine syntes det var ein veldig grei nisse, trur ikkje ho tenkte på å vera redd eingong.

Julaftan er veldig koseleg, men etterpå kjem dei fine rolegare juledagane. Dei skal nytast.
Kjempegildt å gå rundt juletreet, sjølv om enkelte meinar på at me dreg ut tida.........

1 kommentar:

  1. Ser ut som en skikkelig koselig julefeiring hos dere.
    Ønsker dere riktig gode romjulsdager :)

    SvarSlett