lørdag 11. januar 2014

"Dæ æ et oliane* ver"


Dei varierar vintrane på Jæren. Ikkje før hadde me lagt bak oss den mest snørike vinteren sidan krigens dagar (seier dei) Fått ein varm og godt fortent sommar (meinte me sjølv) Så får me ein vinter av den "oliane"* sorten.
Det har regna  - og ja, eg er jo glad at alt dette ikkje er snø,  det er vel det mest positive eg kan koma på om den saka.
Har våga meg to steg ut i hagen i dag, men eg sank så pass nedi at eg var rask bort på grusen att.

Rundt søppeldunkane våre har det no utvikla seg ei myr. Har vurdert om eg må kjøpa meg truger for å få kasta søppelposane. Kan trugar fungera godt i myrterreng?

Vett kje eg, oliane æ dæ jaffal





*Oliane = Negativt lada ord brukt om ting, handlingar eller hendingar ein ikkje likar eller set pris på.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar