mandag 18. februar 2013

"Kjære folk"

"Kjære folk" var eit kraftutrykk i min barndom. I min heim var ein forsiktig med språkbruken. Men om ein sa "kjære folk" med særleg trykk på kjære - då var det igrunnen alvorsord som fulgte etter.
Det kunne vera om romet mitt såg ut som ei slagmark, eller eg lurte i skuffene etter kokesjokolade midt i vekene.
Det kunne og vera om eg drista meg til å spør om det var greitt at eg gjekk ein tur på kinoplassen i helga.



Eg hugsar og at om ein i spesielle anledningar skulle leggja ekstra tyngde bak det ein sa så slo ein til med "kjære kyrkjefolk" Då med trykk på både kjære og folk.

Dette var jo ei ualmindeleg lang innleiing til temaet: Veret.
Når me går frå fint tørt vintervert med frost, og sol frå blå himmel.
For slik har me hatt det lange tider nå, vinteren vert mest til å leva med når han syner seg frå den sida.
Men "kjære folk" som det snudde.

Og så var me attende til det vanlege trøysteslause veret.
Grå himmel og gule marker over Jæren. For ikkje å snakka om at det dryp frå himmelen.

Gråveret kan lett krypa inn i marg og bein. Me kan verta meir kranglevorne, surare eller rett og slett litt "deppa"

Men det er då ein må ta seg i nakken og gjera noko koseleg, som å bake ei sjokoladekake.
Og det var det eg gjorde..................................

KJÆRE folk for ei kake.


 Tropisk Aroma a la Hykken ein gråversdag - trur ikkje eg legg ut oppskrifta :-)

2 kommentarer:

  1. JA det utrykket kjenner jeg igjen.
    Hadde heldigvis ikke behov for noe sterkere.
    Og kaka?,, Ja den smakte sikkert godt.
    Skal ikke alltid skue "hunden på hårene" Er det ikke så det heter?

    SvarSlett
  2. Å den kaka så god ut:)Jeg er glad for det væromslaget vi har nå for gårdsveien vår var bare klinkis. Isen er nå nesten borte, ihvertfall i hjulsporene. Nå skal det jo bli kaldt vintervær igjen så da blir det forhåpentligvis litt mer flott vintervær:)

    Klem fra Elise:)

    SvarSlett