søndag 24. februar 2013

På perm


Fredag 15. februar var me spente på å få soldaten vår heim på besøk. Me hadde sakna han, rart kor stilt det kan verta i huset sjølv om me berre var ein mindre enn normalt. Men så er det vel slik at enkelte høyres meir att enn andre - og når det er familiens ertekrok som er vekke, då vert det stilt.
Me var utruleg spente korleis det gjekk med han, om han trivdes oppe i kulden og snøen.
Me møtte mannsterke for å ta imot han på flyplassen (kvinnesterke ville passa betre, men det høyrdes litt rart ut) Eg, Ragnhild og ikkje minst Stine var der. Stine har sakna den tøffe storebroren veldig, ho såg nok fram til nokre dagar med liv og leven att.
Det synte seg at militæret var kjekke greier. Endåtil å gå på ski gjekk sånn nokonlunde.
Isbading likeså.
Det nyoppussa romet i kjellaren fall i smak.
Forteljingane om livet der nord sat laust.
Utruleg kor gildt det er når alle sit rundt middagsbordet att og me har dei gilde samtalane og diskusjonane.

Og om det vart liv i heimen, jau takk. Han hadde ikkje gløymt kunsten.
Stine sine solbrille på nasen, meir skal det ikkje til før det er igang...........

Men ei veke går fort.

I kveld var det å køyre han tilbake på flyplassen og lever han att.

Me er så glad for at han trives og kosar seg med militærlivet.
Men me gler oss og så velig til neste perm.

Her er dei tre minste samla, såg litt trøtte ut, men det er bilete som lurar oss.





Kos deg i Troms fremdeles - og pass deg for alt som er farleg.

(Orsakar kvaliteten på bileta, dei er teke med iphone)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar