mandag 25. februar 2013

-ikkje så mykje som skal til, veit du.....

Måndag morgon, "javel ny veke" var vel omtrent det eg tenkte då eg slo opp augene før klokka 6 i dag.
Passeleg morgontrøtt kom eg meg gjennom dusjen, og ned på kjøkken.
Sette beina i mine elegante sjokkrosa kroks og luffa ut til postkassen etter Jærbladet.
I det eg dreg blade opp av postkassa streifar augene over himmelen. Og for eit syn.
Månen lyste og brann som ei ildkule - eg fekk eg fart på den morgontrøtte kroppen. Inn etter kamera, hadde ikkje tid å vase med stativ. Vel, kvalitetsmessig kunne nok bileta vore betre. Men eg legg dei ut likevel, som eit "gyldent øyeblikk" klokka 6, den 25 februar 2013 i Hykken.

Resten av dagen stod godt til overturen.
Sol frå blå himmel, fire varmegrader og stod ein heilt stille og vende ansiktet mot sola kunne det kjennast at ho varma, såvidt.
Meir skal det ikkje til, veit du....så er det vår inni oss.


Så kjem tankane om at no er det ikkje lenge til eg kan sitja på den kvite benken under epletreet og drikka kaffi medan sola går ned.



Eller til ei skrålande jente ropar "større fart" frå dissa under grøne lønnetre.

Men ennå ei stund er markene gule og trea nakne.
Men den som ventar på våren ventar ikkje forjeves.
Så sa sola takk for seg og gjekk ned bakom trea i Botn.
Og medan mørket kom sigande, vart eg heilt sikker, nå snur det, nå vert det vår i Hykken.
Og om eg vert skuffa og snøen kjem ennå ein gong så får det vera - optimisten vil alltid få rett, før eller seinare. Det kan eg velga å tru på.

2 kommentarer:

  1. Så flotte bilder du har tatt..ja, spennende om det kommer snø igjen..men uansett så er det så mange herlige vårtegn!:)Klem fra Else Britt:)

    SvarSlett
  2. Ja her var snøen borte. Her hos oss er det minst en meter snø,
    Så bart blir det ikke før etter påske tror jeg.
    Hørte noen sa at det skulle bli kaldt og mer snø i mars.
    Håper ikke det slår til for her er det mer enn nok.
    Det var et nydelig månebilde. Naturen er jo flott.
    Ønsker deg ei herlig uke :)

    SvarSlett