tirsdag 5. november 2013

Litt å pussle med i haustmørke



Innsamling av litt mose
 Hausten er ei fin tid, mykje fint å finna i naturen til å utfalda seg kreativt med.
Men dagane er korte, og ikkje lenge etter ein er heime frå jobb så fell mørkre på.
Vel, det får ein gjort lite med. Me får nytta helger til å sanka inn, så får ein stå i lampelyst på kveldane å vera kreativ.
Godt å ha noko å gjera på, som ein kjenner ein kan kopla heilt ut med.
Her har eg bruka mosekuler som pynt i krukker med lyng.
Mosekrans, føreløpig pynta med ei lita solsikke som heldt stan trass hausveret. Men snart skal eg finna fram litt raud pynt til denne.


Nokre bjørketre trengte og litt "frisering" og fekk "nytt liv som pynt.

På jobb er me byrja så smått å planlegge desember. Utfordrande å finna ting som kan lagast av små fingrar. Synes det er viktig at det som vert sendt heim er noko dei har laga sjølv, ikkje med påhalden hand. Gler meg sjølv til å finna fram det mine ungar laga då dei var i barneskulealder.

Med ønsker om fine hausdagar og lune og varme haustkveldar til dykk alle.

I november skal eg ha førjulsbesøk av begge dei to største som har flytta ut. Gleder meg.

Velkommen hjem
Denne er til dykk………...


1 kommentar:

  1. Så koselig du har pyntet. Er jo så fint med mosepynt.
    Har ikke dei flotte steingardene å ta mose av her.
    Men en finner jo litt.
    Mosekuler har jeg lyst til å lage.
    Ha en flott dag :)

    SvarSlett