søndag 27. oktober 2013

Oktober helg


Me har hatt ei fin og aktiv helg i Hykken sjølv om regnet tidvis har "hølja ner"
I styggveret på laurdag sette me igang med det som står att i fjoset. Ombyggjing av fjoset har eg blogga tidlegare. Men enno står det att nokre rom. Me skal igang med å innreia eit lagerrom, eit "bibliotek" og så er det siloen då.
Søndag var det opphaldsver så då tok me oss ein tur - me oppdaga 4 rådyr på markene nedanfor oss, så Hykkenmannnen tok med rifla.
Mor med 3 kje, to hokje og ein bukk.
Hoene bør me la gå att, men bukken vart med heim.
Faren med bukken over skuldra, Stine synes jakt er gøy. Men ho synes det er litt trist og, og kosar veldig med dyret etterpå.
Me vil prøva å få garva skinnet, difor er det lagt med salt over seg. Me garvar ikkje sjølv, men sender det til Sandvika.

 Ovanfor er det tidlegare forrommet, der skal det verta "bibliotek" - eit stykke fram kan ein seia.

Til venstre er delar av romet som skal verta lager, og under er det fotografert inn mot siloen.


 Petter Pus har stort sett kosa seg inne ved ovnen - sikkert godt det og.

1 kommentar:

  1. Kan tenke meg det er spennende med jakt for ei jente.
    Men slik er livets gang.
    Jeg lurer på hva dere skal bruke siloen til.
    Skikkelig flott gjenbruk av et hus som kanskje ellers bare
    hadde blitt stående å forfalle visst det ikke ble brukt
    Ønsker deg ei god siste oktoberuke :)

    SvarSlett