mandag 21. oktober 2013

Klart hynså legge egg (Sjølvsagt legg hønene egg)


Ein skulle tru at hønene hadde lese bloggen min. Ikkje lenge etter mitt noko irettesetjande  innlegg så sette dei igang med produksjonen av fine ferske egg.
Klart dei ville ikkje ha det på seg, at dei ikkje gjorde jobben sin.


Eg måtte be dei så mykje om orsaking. Fyrste dagen eg kom inn og fann egg, synte dei meg bakenden med det same dei såg meg.
Det var tydeleg kva dei meinte om meg.
Eg har no godsnakka med dei, og dei har fått mykje skryt. Eg bad dei endåtil syna Jærhønene korleis det skulle gjerast.
Men det er ikkje til å koma frå at dverghøner - legg dverg-egg.
Hadde nok nesten klart å halda ei vekes produksjon i handa mi.
Tenkte fyrst om eg skulle koke dei til frokost, men det vart noko vanskeleg å finna dei att i eggeglaset.
Så eg fann fram den minste panna for å steike dei istaden.
Men eg må nok samla ei stund om eg skal verta heilt mett.
(Dette bilete fekk meg nesten på Hallowen tankar)
"Men aldri så galt at det ikkje er godt for noko" - her er Jærhønene på veg inn til sin første time i "korleis gjera ein god jobb med egglegging"

Om du lurer på om egga smakar bra, ja så gjer dei det. Og skulle du ha lyst å læra litt om kva som skal til for å få gode egg, så ta ein titt på Kristine Koth HER ho veit litt om korleis lykkelege høner skal ha det.




1 kommentar:

  1. Hehe, ja de har vel en data der ute i hynsahuse?
    Er ikke store de eggene, men godt er det uansett.
    En må bare bruke minst dobbelt så mange i f.eks.ei oppskrift.
    Ha ei herlig "eggende" uke :)

    SvarSlett