torsdag 7. november 2013

Å støypa lys



Inspirert av fleire andre bloggere gjekk eg til innkjøp av ingredienser til lysstøyping.
Etterkvart skal eg laga av lysstumper, men sidan eg ikkje har planlagt dette i så lang tid, så har eg ikkje fått samla opp.
Kjøpte difor parafin og sterin på hobbybutikken.
Blanda 2 deler sterin og ein del parafin i eit litermål av blikk. Smelta det så i vannbad.
Veikane var og kjøpt ferdige.
Veldig enkelt, og gildt.
Bruka ei gamal, god gryte som ikkje er brukandes til noko anna.
Det smelta ganske fort og eg rørte med ein pinne for å blanda det godt under smeltinga.
Snurra enden av veiken rundt ein blyant så han ikkje skulle "driva avgårde"
Så nå har nokre av dei gamle koppane mine fått nytt liv som lyshaldarar. Tenkjer eg må innom bruktbutikken for å sjå om eg kan finna nokre koppar med julemotiv, kan verta fin pynt på julebordet det.
Har og prøvd meg på ny type hjartepynt i kveld, spanande å prøva å arbeida med litt nye matrealer og.

1 kommentar:

  1. Dette har jeg tenkt på å prøve lenge :-)
    Kanskje innlegget ditt var det lille puffet jeg trengte ? :-)
    Jeg håper det :-)

    Flott lys og flott hjerte og flotte høner :-)
    Ønsker meg høner også jeg :-)

    Ha en fin helg :-)

    SvarSlett