Av ein eller annan grunn vart det ganske "kule" mønster i dei denne gongen. Tek eg ikkje feil så finn me nok svaret i fysikken.
Og eit kjempestort fastelavensris laga me og. Fint å få bruka alle dei knekte greinene på bjørketrea til noko "fornuftig"
Skulle hatt litt fleire forsjellige fargar på fjørene, men, men, lyste opp gjorde det uansett.
Morsdag og fastelavn, to gode grunnar for å samla familie.
I dag hadde me grønnsaksuppe og boller i fjoset i Hykken.
Det vart ein triveleg ettermiddag.
Men kva er nå eigentleg dette med morsdag.
Min nydelige bukett, utruleg gildt å få vera mor deira. Bilete er frå Sindre sin konfirmasjon i mai. |
Norsk tradisjon
Den første norske morsdagen vart feira i Bergen 9. februar 1919, og vart til å begynne med arrangert av religiøse organisasjonar. Dagen har seinare gått over til å bli ein familiedag, der mor gjerne blir oppvarta med kaffi på senga om morgonen, blomster og kake.
Morsdagen har etter kvart vorte ei stor kommersiell høgtid gjennom marknadsføring av morsdagskake, morsdagsblomstrar og morsdagsgåver. Mange barnehagar og skolar hjelper til med å oppretthalde tradisjonen om feiringa av mor, og set barna til å laga kort og gåver. (henta frå Wikipedia)
Fargerikt bord til fastelavn |
Ja, ja, kommersiellt eller ikkje. Me synes nå det eg gildt å feira morene likevel.
Når alt kjem til alt meinar eg at å vera mor er den viktigaste jobben i verda
Og når me kan kombinera det med å eta boller i tillegg så kan det vel knapt verte betre.
Lukt av grønnsaksuppe - noko av det beste eg veit. |
Frå sommaren som gjekk - då alle budde heime |
Det aller gildaste var kanskje å få telefon frå soldaten på Setermoen. Han var strålande fornøyd med å vera ferdig som rekrutt.
Eg skulle sjølvsagt aller helst hatt han heime, men om ei veke er det perm.
Nå byrjar me å få det travelt med å få rommet ferdig - lister og litt "stæsjing"må til nå, så er rommet klart til å sova på.
Herlig innlegg, og så fine islykter, fikk jammen lyst til å prøve.:))Masse hilsener fra Else Britt:)
SvarSlettJeg er helt enig med deg i at morsrollen er viktigste oppgave i verden!!
SvarSlett