søndag 10. februar 2013

Den viktigaste jobben i verda

 Eg og Stine laga nye islykter. Frosta kom tilbake etter ein kort pause. Men pausen var lang nok til at dei fyrste lyktene smelta. 
Av ein eller annan grunn vart det ganske "kule" mønster i dei denne gongen. Tek eg ikkje feil så finn me nok svaret i fysikken.

Og eit kjempestort fastelavensris laga me og. Fint å få bruka alle dei knekte greinene på bjørketrea til noko "fornuftig" 
Skulle hatt litt fleire forsjellige fargar på fjørene, men, men, lyste opp gjorde det uansett.
Morsdag og fastelavn, to gode grunnar for å samla familie.
I dag hadde me grønnsaksuppe og boller i fjoset i Hykken.
Det vart ein triveleg ettermiddag.
Men kva er nå eigentleg dette med morsdag.

Min nydelige bukett, utruleg gildt å få vera mor deira. Bilete er frå Sindre sin konfirmasjon i mai.

Norsk tradisjon

Den første norske morsdagen vart feira i Bergen 9. februar 1919, og vart til å begynne med arrangert av religiøse organisasjonar. Dagen har seinare gått over til å bli ein familiedag, der mor gjerne blir oppvarta med kaffi på senga om morgonen, blomster og kake.

Morsdagen har etter kvart vorte ei stor kommersiell høgtid gjennom marknadsføring av morsdagskake, morsdagsblomstrar og morsdagsgåver. Mange barnehagar og skolar hjelper til med å oppretthalde tradisjonen om feiringa av mor, og set barna til å laga kort og gåver. (henta frå Wikipedia)
Fargerikt bord til fastelavn
Ja, ja, kommersiellt eller ikkje. Me synes nå det eg gildt å feira morene likevel.

Når alt kjem til alt meinar eg at å vera mor er den viktigaste jobben i verda

Og når me kan kombinera det med å eta boller i tillegg så kan det vel knapt verte betre.
Lukt av grønnsaksuppe - noko av det beste eg veit.

Var heldig med foccasia brøda i dag.
Det gjeld å vera tolmodig med hevinga.

Frå sommaren som gjekk - då alle budde heime

Det aller gildaste var kanskje å få telefon frå soldaten  på Setermoen. Han var strålande fornøyd med å vera ferdig som rekrutt.
Eg skulle sjølvsagt aller helst hatt han heime, men om ei veke er det perm.
Nå byrjar me å få det travelt med å få rommet ferdig - lister og litt "stæsjing"må til nå, så er rommet klart til å sova på.







Mor betyr uselvisk overgivelse, grenseløst offer og kjærlighet som overgår all forstand.
Mødre holder barnas hender en liten stund, men deres hjerter for alltid.

2 kommentarer:

  1. Herlig innlegg, og så fine islykter, fikk jammen lyst til å prøve.:))Masse hilsener fra Else Britt:)

    SvarSlett
  2. Jeg er helt enig med deg i at morsrollen er viktigste oppgave i verden!!

    SvarSlett