lørdag 3. november 2012

Det vert spekelår og pølser til jul


Sist helg fekk me ennå eit rådyr, og denne helg hadde me lite planar. Med andre ord, klare for utfordringar.
Å speke rådyrlår har me hatt lyst til fleire år, i år prøver me.
Hykkenmannen og Naboen var ivrigaste på det.


Etter ein lang telefonsamtale med rettleiing av "han sjøl" på Håland kjøtt, var det klart.
Fyrst skulle låret i saltlake 1,5 veke.
25 liter vatn, 5 kg salt var rette blandinga.
Så no står det der under trappa.
Etterpå skal det få henge ved vedovnen ein dag for å få ei "skorpe"
Så skal det få henge på "høgaloftet" i 4 veker.
Her vert saltlaken blanda og låret lagt på plass.
Så la me eit lokk direkte på låret for å halda det på plass i laken.
Og eit lokk på toppen, så det ikkje skal koma rusk og rask oppi
Etter vår utrekning skal låret nå vera klart omtrent til jul.
Me gler oss.
Heimelaga pølser er og eit prosjekt me har "mota oss opp" på.
Så i dag henta me tarm hjå Håland kjøtt. Så var det berre å få gang på kverna.
Fyrst vart kjøtet male 2 gonger. Så blanda eg inn krydder, egg og melk. Miksa det godt saman.
Så var det å træ tarmen inn på pølsehornet (dette utstyret følger med når ein kjøper f.eks Kenwood maskin)
Det var slett ikkje så vanskeleg som eg hadde trudd. Men det var veldig greit å vera to om arbeidet.
Det var utruleg gildt å halda på med - og så kjekt det er å smaka på si fyrste heimelaga pølse. Dette kjem eg til å gjera fleire gonger.
Me laga fyrst ein liten prosjon, var litt usikre, så første omgang vart ikkje meir enn dette.
Men nå ligg det fleire kilo pølser klar i frysen.


Stolt? - Ja kjempestolt

3 kommentarer:

  1. Så flinke dere er:) Det smaker nok ekstra godt når en har speket det selv:)

    Du har vunnet et kort hos meg på min give away, hvis du sender meg adressa di på e-post skal jeg sende deg kortet:) el-hoeyv@online.no

    Ønsker deg en flott helg, klem fra Elise:)

    SvarSlett
  2. Så gildt, skal sende deg adressen - gleder meg til kortet :-)
    God helg til deg og dine og
    Klem frå Reidun

    SvarSlett
  3. Så fint å se alt det gode dere lager!:)Så er det noe helt spesielt med hjemmelaget da!:):)Klem fra Else Britt:)

    SvarSlett