fredag 2. november 2012

Det er vel ikkje heilt lov ennå...men


Men eg har byrja på grunnarbeidet med pynt til desember og jul.
Me må jo få lov, ellers vert det kjempetravelt. Såg på tv i dag at Blomster Finn meinte me skulle venta til vesle julaftan. Men då må me jo styrte til blomsterbutikkane å kjøpe pynt. Ingen kan vel stå vesle julaftan å berre trylle fram.
Ja, eg kunne ha laga det og gøymt det, men då kunne eg jo ikkje delt ideane mine med deg.
Så eg er litt "ulydig" og tjuvstartar. Blomsterhandlarane skal leva dei og - men me må få lagar litt sjølv og. Det er jo så gildt.
Så ventar eg heller med dei raude sløyfene, og den heilt typiske julpynten.
Enn så lenge kan eg jo kalla det HAUSTPYNT.

Ein ting kan eg lova - her i Hykken blir det mykje om jul framover.


Bjørkepinne støypt fast i ei potte med betong.
Det treng eit døgn å tørke før neste steg.
Skjær til ei blokk med oasis (slik som skal vera tørr)
Set på konglar ved hjelp av tynn ståltråd, du må setja oasisen fast på pinnen fyrst slik eg har gjort her. Etterpå er oasisen full av ståltråd og vanskeleg å få på plass.

Her har kongletreet fått mose under seg. Til jul skal eg pynte det ennå litt.

Her er kongletreet i miljø. Kransen over bordet har eg og laga. Enlkelt, det og, særleg om ein har ein far som dreier juleklokker til å henge på :-) Den er laga av ståltråd, lerkekvister og kjetting. Sjølvsagt kan ein pynta med det ein vil treng ikkje nødvendigvis dreia klokker. Ein kan bruka kongler, nissar, stjerner, hjarte osv.
Storkoser meg og slapper av med dette arbeidet, godt å ha koselege ting å koble av med i travle tider.


Hi, hi, fann denne anonyme novembernissen på coop mega på Bryne. Eg avlua henne og tok ho med heim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar