lørdag 27. oktober 2012

Haustbesøk av kong vinter


Ikkje greit å vera Hortensia i dag
Så fekk me besøk av vinteren utpå hausten i år og. Eg trur han kikkar innom slik for å få litt fart på oss. Få gang på dekkbyte, på vedbæring og framleiting av vottar og luer.
Blomar og tre får og eit "spark" bak - på tide å sleppe blokkene, slutta å blomstra og gå over i vinterkvile.
I dag kjenner eg nok på lysta til å gå i dvale sjølv og. Men eg vil ikkje sova like lenge som bjørnen, berre eit par veker. For er det ein ting eg ikkje vil sova bort så er det jula.
"Poff, så kom frosta og snøen. Og trea var raske med å sleppe blokker"

Eg har tjuvstarta og, for å vera heilt ærleg. Har kjøpt dei fyrste "julemagasina" og har byrja planlegging av det eg vil laga av pynt og kaker i år.
Synes ikkje at det øydelegg jula om ein byrjar å putle litt lang tid på førehand. Det gildaste med høgtida er jo å vente på den og gle seg.
Det beste som finns er å gle seg til noko, og å kosa seg med det.

Spanande med spor i snøen, sjølv om det berre er Pus som
har vore ute på tur, og ikkje noko rådyr.
Frostrosene mine - fine begge to

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar