fredag 5. oktober 2012

Fantastisk haust



 Hausten har utruleg fine fargar, fargar som det nok er vanskeleg å sjå når regnet sprutar, og vinden ular. Men i dag var ein slik dag då det var lett å sjå det fantastiske i hausten.
Blå Himmel med kvite skydottar - og ikkje ein einaste regndråpe å sjå.
Eg tok med meg Buster ein tur ut i finveret - me gjekk rundt Melsvatnet. Eg hadde ikkje kamera med, så alle bileta vart tekne med iphone. Men sjølv om kvaliteten på bileta ikkje er topp, trur eg kanskje at de ser gjennom det, og ser for ein fantastisk tur me hadde.
Haustgule blokker mot mørkt vatn.
Naturen sin komposisjon

Eg lærde ein gong av ein som hadde opplevd sterke ting i livet - å vera tilstades i augenblinken.
Ikkje tenkja på det som har hendt - og ikkje på det som skal koma, men berre vera her og nå.

Eit ikkje fullt så beskjedent tre - mot blå himmel

Nå er eg her, eg ser det eg ser, eg høyrer det eg høyrer, eg er her og opplever dette.
Eg vart heilt fasinert av det raude treet midt
i bilete, som står der og ropar "sjå meg"
Burde vore lyd med her "bekk som sildrar"
Fin dag å rusle tur på, ja.
På eit rognebærtre.
Buster var med - litt utålmodig på alt den fotograferinga

1 kommentar:

  1. Nydelige høstbilder, det er flott ute nå med alle de flotte fargene. Ta gjerne en tur innom min blogg, jeg har en give away på gang.

    Ønsker deg en fin helg, klem fra Elise:)

    SvarSlett