lørdag 29. september 2012

Ein ganske fin lørdag

Det tidvis "auser" ned i dag

Nokre av dei aller siste, som enno held ut i hagen
har fått koma inn
Ikkje alltid alt vert som ein har tenkt. Denne helga hadde me tenkt å ta ein kanotur i fint haustver. Men når veret slår seg vrangt, og ein har to søskenbarn på besøk - då får ein finna på noko anna.




Regn ute - då får ein lage kos inne
DS en kan ein jo alltid få brukt litt..........
Det kan sjå ut som den reinaste idyll, men eg kan lova at inneleik fører til eit høgt lydnivå, iallefall tidvis her i Hykken og.
Har ein følelse av at sofaputene er banka "ein gong for alle"
Desse to har og vore på detektivjakt og funne storebroren i Hykken sin tyggis - no finn ikkje han den pakken lenger.
Spretten i sengene er testa ut, dei kan orientera om at springfjær madrass er å føretrekkje framfor tempur.



 Eg har baka sitronkake, den gode gameldagse som er akkurat slik som farmor laga den.
Har lagt ut oppskrifta før, men ein god ting kan ikkje takast opp for ofte.

Farmor si sitronkake
150 gram smør
300 gram sukker
Røres kvitt
3 egg
Røres inn eit om gongen
300 gram kveitemjøl
2 ts bakepulver
Skall av ein stor sitron
Alt røres til ei jevn røre.
Steik ved 190 grader til gjennomsteikt.

Glasur
Saft av ein stor sitron røres ut med melis til ein tjukk graut. Smør utover avkjølt kake.


Ein tur innom bokhandelen gav denne "fangsten"
Gler meg til å byrja på desse.
Så no kan det bare regna ei stund til, me har kake kaffi og ungane har landa i benken med "Istid"
Puhhh, ein ganske god lørdag - og i kveld tek me kanskje eit lite glas raudvin :-)

Så vil eg seia God helg til mine lesarar i USA, Storbitanina, Tyskland, Russland, Danmark og Norge spanande at så mange "gidde" lesa om kvardagslivet i Hykken
( I dag registrerte eg og treff i Japan - god helg til deg og)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar