tirsdag 9. oktober 2012

Haustkransar

Nå er det tid for å skjera ned litt hagen. Buskar og tre veks fort, når dei har etablert seg. Og eg har etterkvart lært at det er berre å saga og skjera, det vert berre tettare og finare buksar og tre av det.

I år måtte eit av bjørketrea ned, det vart for trongt mellom trea.

Og når ein først har samla seg ein del greiner kan ein alltid bruka dei til litt hyggjeleg haust-hobby. Eg lagar kransar og hjarte av dei.
Du samalr kvistar som er nesten like lange i ein bukett. Så viklar du dei saman med vikleband (tynn ståltråd)
Etterpå bøyer du halvparten av buketten til kvar side, og viklar dei saman, der du frå før hadde samla buketten. Vil du ha lang"hale" stikk du inn nokre kvistar ekstra som peikar nedover, og så viklar du rundt dei. Dersom du ikkje vil ha kvistar stikkande ut er det berre å bruke tanga og klyppe vekk.
Veldig enkelt og fint synes eg.

No i haustmånadane er det fint å hengja på rognebær, lyngkvistar og liknande.

Til jul kan ein byta ut den pynten med raude band, og kanskje ein nisse eller to.

Krans med rognebær. Etterkvar vil rognebæra tørka inn og verta skrukkete omtrent som rosin. Men dei beheld fargen, og er fine likevel.
Her er eit meir "bustete" hjarte. Det kjem berre ann på kor mykje du vel å vikla rundt kvistane.
Sibirkornell - enkelt og fargesterkt

4 kommentarer:

  1. Så mye fint, kreativt. Dette må jeg prøve.
    Kjekt å lese den fine bloggen din
    Fin tirsdag til deg Reidun :-) klem Anita

    SvarSlett
  2. Kjempeflotte kranser.
    Her i huset er det høstferie for ungene. Vi tenkte vi skulle lage høstkranser en dag.
    Ønsker deg en flott dag!!

    SvarSlett
  3. Veldig fine kranser og hjerter du har laga. Eg er kjempefornøyd med de du laga te meg. Tusen takk. He hengt de opp.

    SvarSlett
  4. Hjertekranser... jeg synes de er så fine og har lurt på teknikken.
    Takk for innføringen, nå skal jeg jammen prøve.
    Jeg likte veldig godt de hjertene med kongler på. Ønsker deg en fortsatt fin uke!

    SvarSlett