lørdag 2. juni 2012

No skal den Hykkenske flaskehalsen ordnast....

Etter lang ventetid er me endeleg igang med ombygging/påbygging på huset vårt.
Me har i årevis slite med eit kombinert vaskerom og biinngang på ca 4 kvadrat. Det seier seg sjølv at nå 4 kvadrat skal brukast til sko, jakker og ransler/vesker til 6 personar, og i tilegg skal brukast til å vaska klær, då vert det noko trongt.
Men no skal flaskehalsen utbetrast. Eg gler meg.
Men no er det fyrst ein omgang med rot, arbeid og støv. Me har hjelp til bygginga- så tek me innreiinga sjølv - så har me litt sommarjobb.

Me har hatt bebuarar i taket, ikkje rart med all vepsen på terassen.

Eit svalereir, dei kan heller få bu saman med oss.

Svale-egg, stakkar svale som mista boligen sin,
 og stakkar mann som har hogge sundt trappa ;-)
Trappa er vekk


Den ligg her i ein haug

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar