Melsvatnet
Føre middag i dag gjekk me ein tur rundt Melsvatnet. Det er laga grusveg rundt heile vatnet så det er lett å gå, og med barnevogn. Kjempefin natur, og ein passe tur for 3 åringen.
Mange stopp for å kasta stein og kongle i vatnet. Og så er det heilt utruleg alle småkrypa ho oppdagar, som går oss store hus forbi. Me såg på grøne biller, svarte biller, sommarfuglar og jammen var ikkje hoggormen og ute ein tur i sola.
 |
Små fjell å klatre opp på |
 |
Den fyrste hoggormen me har sett i år |
 |
Lykken er ei hand full av Tiriltunge |
 |
Nokre gonger skulle eg ynskje at eg kunne lagt ut lyden og, ikkje berre bilete. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar