mandag 28. mai 2012

Med utsikt til rein energi

I dag bles det godt her hos oss. Etter mange dagar i strekk med godt ver og rolig vind, verkar det som veret berre ville minna oss på korleis "det skal vera"
 På ein blåsande og disig dag kunne det vel passa godt med bilete av utsikta frå hagen Mot sør har me ei heil rekkje med vindmøller, og dei var det gang i i dag. Nå skal ikkje dette vera eit innlegg i miljødebatten, kjenner eg nok hadde kome fort til kort der, men uansett. Hadde eg hatt valet mellom utsikt til vindmøllene eller utsikt til eit kjernekraftverk...... ja då veit eg kva eg hadde valt. (Dersom du trykker på bilete får du eit større bilete på skjermen, då det lettare å sjå)


 Då eg kom opp på arbeidsromet mitt og kikka ut vindauga så kom eg på at eg har jo utsikt til vindmøller der og. Det er sett opp to vindmøller i Åsen, dei sit eg og ser på frå vindauga på arbeidsromet mitt.
Slik ser det ut når eg lukkar opp vindauga og tek bilete.
Bileta er tekne av Ragnhild :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar