søndag 3. februar 2013

Der forsvann nok ei helg

Etter ei lang veke med influensa i huset, skulle me koma igang att med fiksing av kjelleren. Der nede er fargane gått av moten for lang tid sidan. Og planen er å få modernisert eit av soveromma før rekrutten vår kjem heim på perm.
Men kva skjer då, jau då vert den gode handymannen sjuk, er det ikkje likt seg, ligge med influensa når me har så mykje å gjera. Men når "baseluskane" slår ein ut er det lite ein kan gjera med det.
Så då bruka eg og Stine laurdagen til å laga pakke og sende til rekrutten vår på Setermoen.
Stine teikna så fint, resten vil eg ikkje fortelja om - i tilfellet han skulle slumpe til å lese bloggen.

Men litt vart det nå gjort i kjelleren og. Og tidsplanen står ved lag - me skal verta ferdige til første perm, 15. februar.


Hmm, ikkje lenger så moderne med grøn tapet.
Her er det best å få opp noko nytt.


Me tek ei litt lettvint løysing med ferdig mala plater på veggene istaden for panel.
Det går mykje raskare, me slepp tre malingstrøk etter at panelen er sett opp.
Men vindaugene vil nok trenge minst tre strøk, dei er veldig gulna.

Platene vert lima og spikra til platene som alerede er der.
Så skal det legges nytt golv og nytt tak.


1 kommentar: