mandag 14. mai 2012

"Me får sjå i kråskåpe"

Det finns mange fine ting å få kjøpt anten ein likar å gå på loppemarked, på ikea eller andre stader.
Men så er det desse tinga som stille ber på ein del av din eigen personlege historie.
Dette kråskapet fekk farmor og farfar då dei gifta seg.  Det stod i stova deira. I den stova var det lite snakk om å byta ut møbler dersom dei ikkje var øydelagt. Så kråskapet stod der, gjennom generasjonen før meg sin barndom, gjennom min barndom og gjennom mine barn sin barndom.
Eg eig ikkje dette skapet - det eig ein del av meg.

I kråskapet var teikneblyantane i eit trepenal og teiknepapir gøymt. Og det gildaste av alt, stempela, med den grøne stempelputa.

utskjæring øverst 

Føter merka av bruk

Sjokoladeboksen som romma det gjevaste
Stempela med dyr
Så sat me rundt spisebordet og teikna på papir og brukte konvoluttar


Nå står kråskapet i mi stova. Skapet har ein annan fungsjon nå. Og kjem nok ikkje til å ha same verdi for dei neste generasjonane.










Eg trur eg skulle ynskja at skapet kunne snakka, og fortelja si historie, eller  - kanskje ikkje.........


Uansett, hugs å ta vare på dei tinga som ber ein del av din historie.
Då er verdi i kroner heilt uvesentlig.















1 kommentar:

  1. Hei så koselig at du tittet innom bloggen min. Jeg likte godt bloggen din også, nå skal jeg kose meg å lese mer. Så fin historien om kroskapet ditt,
    herlige minner :-) Ønsker deg en fin helg, Anita

    SvarSlett