søndag 20. mai 2012

Me har noko å skjule (i ein krok av hagen)


Me vil helst det skal vera fint overalt, men så er det jo slik at me har alle noko me vil skjule. I dette tilfellet er det ikkje meir dramatisk enn at me ikkje vil gå å sjå på haugar av rotnande plengras. Mange har fine kompostbingar ståande nederst i hagen, der dei puttar graset oppi, og får fin mold etter ei tid. Me prøvde og med ei slik (heimelaga) kasse, men det vart litt fort fullt.
Lenge låg graset i ein krok av hagen og hauga seg opp. I fleire år tenkte me at dette må me få gjort noko med.


"Gamalt" gjerde der blada er borte og det er planta
klematis langs
 I tilegg til graset blir det sjølvsagt mykje greiner og anna hageavfall som må gjerast av ein stad. Løysinga kom gjennom ein svensk (!!) ide. To rekker med "gjerdestaur" og fyllt opp med greiner mellom. Etterkvart som greinene rotnar er det bare å fylle på med nye.
Altid eit tre eller ein busk som treng litt stussing.


Det "gamle gjerde er laga tidleg i vår. Det "nye laga me i går. Me måtte klyppe greiner av islandspila som var på god veg over på marka til naboen, der han snart skal forhauste.

"Nytt" gjerde laga i går, med blader på

Det gamle bak, det nye framføre.
Stine fant mange gåsungar på greinene,
 dei var det viktig å redda
Det me gøymer
Til slutt eit bilete av han som likar å klyppe.
PS! Han likar traktorklypparen best.
Men denne må til for å få klyppa kantane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar