mandag 26. mars 2012

Tre for fall

Me har ei stund nå diskutert og planlagt ei trefelling. Ved låvebrua står det ei stor flott ask, den er me stolte av. Men dei siste åra har det vakse opp ei lita ask ved sida av, dette året såg me at no var aska ikkje så lita lenger. I dag var dagen for å starte motorsaga.
Olav klar med saga
Eg skal ikkje påstå at eg saga, det overlet eg til mannen. Eg berre dokumenterte.

Der var treet nede

Stine syntes det var mykje lyd i motorsaga - flaks at ho har dei fine rosa øyreklokkene sine.

Rosa er favorittfargen, uansett

Av greinen har eg tenkt å laga eit gjerde som eg såg på eit svensk hageprogram, håpar det vert bra ( i tilfellet får eg ta litt bilete og skriva om det ein annan dag)






Litt leik og kos må me og ha tid til



Erlend(18) kom og ut, helst for å få prøva motorsaga. Så då fall det enno eit tre. Han hadde sett på tv korleis ein skulle gjera det. Med litt rettleiing gjekk det bra. Men mor turde ikkje sjå på så ho gjekk inn.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar