lørdag 24. mars 2012

Ein flott utedag

Kan ein tenkja seg noko betre enn sol frå blå himmel ein heil lang vårlørdag? For oss i Hykken vart det ein utedag. Beda er no raka og greiner er plukka opp frå hagane. Bålet har det vore gang på heile dagen, så no luktar me "godt" alle mann.
 Snøklokkene står enno ganske så fine saman med krokus og klosterklokker.
Høner som nyter friheten

Skremt høne
Hønene fekk seg og ein luftetur, men dei putla seg inn att nokså raskt då dei nok syntes at leiken til Buster og Mikkeline var noko voldsom.
Buster
Ja, dei hønene,dei hønene











Då la Mikkeline seg istaden godt til rette oppå hønsegarden for å passa på liksom, at kom dei ut ein gong til fekk dei versågod vera med å leika. Buster tok seg ein tur på eiga hand.

Stine (3,5 år) har underhalde oss med ein ny sang lært i barnehagen. Den handla om "Reven og Rotta og Grisen" Me kan han no ;-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar