tirsdag 18. november 2014

Ikkje berre ein snøkrystall

Hugsar godt at me sat med saksa og klyppa snøkrystallar då me var små. Det var om å gjera å få dei mest frynsete og fine.
I dag kom ein kolega med denne fine ideen - ikkje berre ein snøkrystall, men mange på rad.
Har laga stjernene i vanleg kopipapir, så strauk eg dei med strykejern. Dersom ein har ein lamineringsmaskin for handa blir det nok vel så fint.
Så er dei sydd saman med sytråd.

Fint i vindauga - kan tenkja meg at det hadde vore enno finare om eg hadde store vindauge slik som er vanleg på dagens nybygg.






Brett - klipp og stryk

Trikset for å få dei litt anleis snøkrystallane er å klyppe som på bilete.
Gild aktivitet for både mor og Stine på 6 år.
Godt nøgde med vinterpynta kjøkkenvindauga

2 kommentarer:

  1. Kjempefine snøkrystaller.
    Ekstra fine er de som er på innsida av vinduet.
    Syns jeg. Heldigvis ser det ut til at snøen lar vente
    på seg også her på Østlandet.
    Ønsker deg ei fortsatt riktig god uke :)

    SvarSlett
  2. Så koseligt. Husker at jeg var en veldig ivrig klipper når jeg var barn.

    SvarSlett