søndag 10. november 2013

Stjerner i papir

Her ein dag fann eg nokre fine stjerner eg fekk lyst å sjå om eg kunne få til.
Det var enkelt og dei vart fine.
Kanskje du og har lyst å prøva?


Eg bruka papir med trykk på, hadde fått slike med nokre vekeblad for lenge sidan - godt eg ikkje hadde kasta dei.

Måla opp og klyppa arket til eit kvadrat med 21 cm sider.
Bretta så til skarpe kantar som synt på bilete.
Klypp så eit 4,5 cm langt hakk midt på kvar side.
Brett inn slik at du får spissar.
Først eine "snippen" så den andre.
Når det er gjort byrjar det å likna ei stjerne.
Ha lim på den eine bretten på kvar "stråle" For å ikkje gå i surr så tok eg lim på trekanten øverst til venstre. så vrei eg med sola og gjentok
Så dreg du trekanten utan lim over den med lim og klemmer dei saman.
Når du har laga to slike deler er du klar til å sette stjena saman.
Då treng du limpistol. Vri litt på stjerna og finn ut korleis ho passar best saman.
Så er det bare å sette i ein sytrå og henge opp pynten.


 
He, he, litt vanskeleg å få dei til å henge heilt fint for fotografen.

4 kommentarer:

  1. Hei!
    Så koselig blogg du har:)
    Og skjønne stjerner, laget noen slike selv, for noen år siden, da av hvitt papir...nå fikk jeg lyst til å prøve igjen, med mønstret papir;))
    Dine ble kjempefine!

    Ønsker deg en fin kveld og ei flott ny uke!

    SvarSlett
  2. Flotte stjerner, og ikke vanskeligere enn
    at en skulle klare å få til det.
    Må prøve det en gang.
    Ønsker deg ei herlig ny uke :)

    SvarSlett
  3. Vart kjempefine! Dyktugt handlag du hev, Reidun!

    SvarSlett
  4. dette var ein veldig hyggelig blogg :) ser vi har mange felles interresser :) Jæren er et yndet mål for søndagsturer. hilsen Wenche, Flekkefjord.

    SvarSlett