torsdag 6. november 2014

Leika litt med sement og sånn...

Det går mot jul, og då er det gildt å laga  litt pynt.
Det er god avkobling å stå i hobbyrommet mitt under låvebrua ei kveldsstund.
Byrja med plastglas, melkekartonger og ei kakeform i silikon.
Ein 25 kilos sekk med sement og ein rull ståltråd.

Forma hjarter i ståltråd som eg støypte fast i formene. Måtte hjelpe til med vikletråd for å få det til å stå i sementen.

Etterpå stod det i formene 3 dagar før eg tok det ut.

Hjarta er kledd med bjørkegreiner.

Det litle treet er berre ei lita grein støypt fast og pynta med små tre hjarter.


Juletreet er ei kraftig grein støypt fast med eit plastglas som form.
Så er det surra greiner av vintergrønt på - og med ei stjerne i toppen blir det eit lite juletre.
Gildt med eigenlaga pynt klar til å plaserast litt rundt omkring - og så enkelt som det er.

1 kommentar:

  1. wow!!! danke für die tollen bilder, einen schönen sonntag und liebe grüße von angie aus deutschland

    SvarSlett