søndag 30. november 2014

I ein kasse på høgaloftet



I 2008 hadde me stubbenisselaging i Hykken.
Alle ungane har laga fleire kvar. Fantastiske ansikt på desse.
I ein kasse på høgaloftet har eg julepynten min.
Eg kjøper ikkje ny etter skiftande interiørmote. For oss som har eit nostalgisk forhold til jul og julepynt er det langt viktigare at julepynten har ei meining og ei historie enn at ein kan finna same pynten att i interiørblad.

Så kvar år når desember kjem - så tek eg meg ein tur på høgaloftet etter kassen med julepynt.





Vaksen nisse rundar 26 år i år.
Enkelte ting har sin faste plass, og ungane er flinke å gje beskjed om dei vert plassert feil.





Som denne nissen som ei studievennine strikka til meg til 20 års dagen - den må sitje i hylla over ovnen.
Denne fine karen har eg fått av minsteguten for mange år sidan. Eit kjøp han sidan har vore svært nøgd med.

Men ikkje mykje slår julepynten som kjem heim frå skule og barnehage. Her ein nydeleg engel som minstejenta laga sist år.
Slitte i kantane og hol på tåa - har feira mange juler med oss dette koselege heimestrikka kjæresteparet.


Reknar med det er mange derute som kosar seg med å pakka opp kassane sine i desse dagar - god førjulstid til dykk alle.




 


2 kommentarer:

  1. very informative post for me as I am always looking for new content that can help me and my knowledge grow better.

    SvarSlett
  2. Casino City | Dr. MD
    With over 1,400 online and live dealer gaming options and 시흥 출장안마 a variety of 태백 출장안마 table games and live dealers games, you're sure to find the Drinks: Dr.Sat, 고양 출장샵 Dec 18Casino Dining: 충청북도 출장안마 Enjoy dining at Cafe 정읍 출장샵 del Sol

    SvarSlett