tirsdag 13. mai 2014

Buster til besvær

Menneskets beste venn vert han kalla, hunden.
Me har hund i Hykken.
Ein søt liten tingest av rasen strihåra daks.
Han kjem ikkje frå ein flott kennel med adeleg stamtavle.
Han kjem ifrå Voll.

Buster er snill som dagen er lang, og har mange av dei kvalitetane me menneske set så høgt.





 Han er venn med kattane våre og deler gjerne både mat og matskål med dei.
Og om katten vil, får han låne korga og puta hans med. Han legg seg på golvet ved sida, han.
Sympatisk fyr.


For å dela av sin godhet tek han seg av og til ein tur på bygda om han får anledning.
Buster er nemleg klar over at han er menneskets beste venn. Og han meiner alvor, han er alle menneskes beste venn.
Difor tek han så snart han ser sitt snitt ein tur i omegn for å syna sitt vennskap.

I eit tilfelle førde turen til ein liten omveg innom ein kennel i Stavangerdistriktet - og ei usansynleg stor rekning til oss derfrå.
Etter det skreiv Hykkenmannen namn og telefon nummer på halsbandet.

Så nå ringer telefonen.


Oftast kjem telefonen frå Fru L.
Buster må nok vera sikker på at ho er ein av hans aller beste venner.
Så er det for Hykkenmannen å rykke ut i bilen for å hente rømlingen heim att.
Hykkenmannen er heilt sikker på at Fru L ikkje er Buster sin venn.
Han er usikker på dei andre han har vore innom for å henta rømlingen og.
Buster derimot, han lograr med halen og er ikkje i tvil om at han er ein populær kar.

No er me sjølvsagt klar over at me har eit stort ansvar som hundeeigarar, me veit om bandtvangen, og me veit at dette nok er oliane for enkelte.

Så om nokon har eit godt pedagogisk tips til korleis me kan få Buster til å skjøna at han IKKJE er ei gåve til heile menneskeheita, så tek me imot med takk.

Ellers er me så glad, så gald i Busteren vår.
Og berre for å ha sagt det han er snill, blid og brukar munnen kun til tørrfor og vatn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar