søndag 18. januar 2015

Bibliotek i fjoset


Vårt siste store prosjekt (så langt) er no fullført. Det er rart når ting ein har jobba med og brukt mykje tid på endeleg er ferdig - det vert ei utlading.
Men no kan me altså seia oss ferdige. Romet der det før vart lagara for til kyr og sauer, og den gamle eplesiloen er no blitt bibliotek og eintriveleg stad for små samankomster.
Bøkene er samla frå venner og kjente som hadde altfor fulle bokhyller. Etterkvar hadde me mista heilt oversikten på kor mykje det eigentleg var. Men me fekk plass.
Tusen takk til alle dykk som har bidrege.
Me vurderte lenge å laga hyllene sjølv - men valde til slutt den enklare løysinga: Billy hyller frå IKEA.
Med enkelte små tilpassingar passa dei bra.
Med god hjelp av familiens to gode bibliotekarar vart bøkene nøye plassert i hyller etter Dewy sitt system.




Den gamle eplesiloen (som eg tidlegare har omtala i eige inlegg) husar no ei flott Donaldsamling (den tilhøyrer mosterguttane mine)
Og slik såg eplesiloen ut då me byrja jobben.


Eldstesonen påpeika, då han bar kassevis med tunge bøker frå løa og ned "Tenk mor, alt dette hadde det vore plass til på ein ipad"

Kor triveleg ville det ha vore då - lagt ein ipad i hylla?
Nei, eg seg fram til å sitja i eit rom med sjel og halda i bøker av papir.


 Godt bokår alle saman :-)
Her hos oss skal malekostar, ruller, spikepistoler, vaddere og alt anna verktøy få kvila ei laaaaang stund.












3 kommentarer:

  1. Så heldige dere er som har plass til et så pass stort bibliotek.
    Har mange bøker, men bare plass til en del av de i hyllene på tv stua.
    Skulle helst hatt et eget bibliotek. Ja det er mye koseligere med bøker
    enn en ipad. Sitte gdt i en krok av sofaen, eller i senga å lese. Det er
    slikkelig kos det.
    Ønsker deg ei flott uke uten malekoster og annet oppussingsarbeid :)

    SvarSlett
  2. Aahhh! Fin inspirasjon! Jeg skulle gjerne hatt plass til å gjøre det samme. Men jeg får nøye meg med en velfylt bokhylle i stua. Kjempekoselig med masse bøker!

    SvarSlett
  3. Very informative, keep posting such good articles, it really helps to know about things.

    SvarSlett