torsdag 5. februar 2015

Heime i Hykken

 Alle vegar fører til Rom - seier dei.
Eg ser det litt annleis. Alle vegar fører heim.
Heim til Hykken.

Etter dagar som har krevd både det eine og det andre av ein er det fredeleg og godt når vegen går heim til Hykken.

Det er godt å ha ein stad som er sin eigen - der ein kan senka skuldrene og ta ein pause frå "det utanfor"

Det skal vera slik å vera heime.


Tru om rådyret kjenner det likeeins. Godt å bu i Hykken for dei og - mange smakfulle og gode kvistar.

Det er ei god kjensle - å vera heime.

Finn fram kaffikoppen og nyt dagen eller kvelden heime :-)




3 kommentarer:

  1. Ja, vi sier ofte at det beste ved en reise, eller tur, er reisen hjem.:-))

    SvarSlett
  2. Very great post. I simply stumbled upon your blog and wanted to say that I have really enjoyed browsing your weblog posts. After all I’ll be subscribing on your feed and I am hoping you write again very soon!

    SvarSlett