tirsdag 3. juli 2012

Gamle tønner i hagen


























Desse to fine gamle tønnene har "budd" i Hykken sidan lenge før mi tid. Tretønna er opprinneleg ei vintønne, som i Hykken vart bruka til å samla opp regn under "dråpafadle". Regnvaten vart rekna for særleg godt å skylle nyvaska klede i. Den andre tønna er ei godt rusta metalltønne som vart bruka til å blanda kalk i.
Tønnene er nydeleg gamle og prega av "tidens tann" Tretønna har stått ute ein del år og må nok snart få nokre nye band om ho ikkje skal gå i oppløysing. Metalltønna har eg sett ut i år, ser føre meg at den vil klara ein del år ennå.
Når det er sagt, så lever dei eit hardt liv sommarblomane oppi tønnene for tida. Dei står nok der og ønsker seg sol og varme. Og det gjer vel sant og seie me andre i Hykken og.
 

  
Mikkeline tek seg ein pause på benken, ho er nokså tung nå. Me gler oss til kattungane kjem.


1 kommentar:

  1. Hei kjære du....beklager så mye, jeg har nok laget til en liten misforståelse på Bloggedamer40+......du har lagt igjen en melding under "bli med i gjengen"....men det har gått meg hus forbi... jeg har tenkt at innmeldingene skulle skje gjennom mail, fordi det er lettere å følge med på...
    Jeg legger deg til snarest, gir deg en lyd når jeg har gjort det!
    Ha en fin dag,
    Klem, M

    SvarSlett