onsdag 17. juli 2013

Kaffikjelen frå moster Olaug

I vår fekk eg ein stor, fin og gamal kaffikjel frå moster Olaug.
Kaffikjelen er brukandes til å koka rause mengder kaffi.
Men den tek seg og fint ut med ein bukett markblomar.

Sommaren kom på besøk i dag etter mange grå dagar.
Eg tok meg ein rusletur nedover den gamle vegen til Taksdal, og blomane stod der og ba så fint om å få vera med inn. Så kunne dei stå der og minna meg på at alle sommardagar må takast vare på.
Ikkje ein av dei kjem i reprise.


Det geispande paret som står attmed kaffikjelen kunne nok heller trengja lukt av kaffi og ikkje av markblomar frå kjelen.
Nyt sommaren der du er :-)

1 kommentar:

  1. Flotte med markblomster i kaffekjelen.
    Har en lignende kaffekjel med blomster
    i ute.
    Koselig med høner i hagen. Vi hadde noen
    Jærhøns for en del år siden.
    Ønsker deg en fortsatt herlig sommer :)

    SvarSlett