søndag 11. august 2013

Norgesferie - det er fint det


Litt regn, litt sol, ein del vind og torden -definitivt sommar.
No er han på hell, haustaktivitetane er godt igang med bærplukking, jakt og fiske.
Det er godt at kvar årstid har sitt å sjå fram mot.
I sommar har me samla oss mange nye, fine minner å ta med oss.
Ferietur i Norge er topp, anbefalast. Det er mykje fint og oppleva og å sjå. Når ein i tilegg vel å reisa på tur dei to vekene det er aller varmast og finast i landet, då vert det bra.

Turen vår var i år lagt opp slik:
Hykken - Rosendal - Langedrag (fredag-søndag) - Lillehammer - Røros - Trondheim (ei veke) - Hamar - Kristiansand - Hykken

Nostalgisk overnatting på Baroniet i Rosendal.
Foskosten her var og ei oppleving for seg.
 
Utskikta frå rommet på Langedrag var det ingenting å seia på. Det var flott å vakna og dra frå gardina.
Stine og ponnien Odin på veg ned att frå seterbesøk
Langedrag er full av gilde aktivitetar og opplevingar for alle som ynskjer ein aktiv ferie.
Me opplevde at både elg og fjellrev åt frå handa vår. Me såg på tamme og ville ulvar. Me melka geiter og var på setertur heile søndagen.







Men det var ingen tvil for Stine. Hest var best.
Stine og Huldra på ridetur i den flotte naturen rundt Langedrag

                                                                   Dagstur til Munkholmen i Trondheim. Strålande sol, spanande museum (med flink formiddlar) og iskalde sjøbad.
Ein heil lang dag og kveld på Stiklestad. Med middelaldermarked, middelaldermusikk, Vandring "gardimillom", bueskyting, og ein god del eting av is.
Om kvelden opplevde me premieren på "Spelet om heilage Olav"
Har sett spelet fleire gonger før, men denne gongen føregjekk det om natta (23.00) og var magisk med lyssetting, bål og fakkler.
Sjå innslaget frå NRK:
HER
Stine fekk med seg byrjinga - så sovna ho frå heile spelet i far sitt fang.

På Bakklandet går det fint å kosa seg på kafe.
Her er eg og Stine ute på  eiga hand ein dag, medan dei andre hadde sitt å utforska sat me på hos Anna :-)

Norge er eit fint ferieland - og det er mangt å finna på om ein ikkje vil stå i kø i fornøyelsesparkar.

1 kommentar:

  1. Ja det er mye flott å oppleve i Norge.
    De aller fleste feriene har vi tilbrakt her til
    lands, og enda er det mange ting vi har lyst til
    å se og oppleve.
    Langedrag er flott. Bare ikke geitene spiser
    opp alt du har med deg :)
    I år ble det ferie på Åpta, ved Farsund i
    nydelig sommervær behøver en ikke annet enn
    en lita hytte å sove i og masse flott uteplass.
    Herlig.
    Ønsker deg ei riktig god augustuke :)

    SvarSlett