Reine jungelen i staudebedet nå på hausten |
Av og til er det nok at helga kjem med fantastisk ver, og me kan berre vera heima og pusla på med sånt me likar.
Slik har me hatt det denne helga. Me har site på terrasen og drukke kaffi, luka og pynta litt i nokre bed (og det var lenge sidan sist), me har flytta nokre tonn stein !! Og kome ganske langt med eit anna prosjekt eg skal koma tilbake til i eit innlegg seinare.
Stine nyt utelivet |
Matpause i sola |
Rundt oss leika fire viltre kattungar. Dei er utruleg koselege når dei er så store som dei er nå. Men nå er det nok på tide å finna nye heimar til tre av dei. Dei er jo ikkje små og søte heile livet. Og seks kattar er nok i overkant, sjølv om me har god plass.
Ripssaft blanda med litt stikkelsbær |
Har mest rips, men og litt solbær og stikkelsbær vart det i år.
Må nok få sett litt fleire bærtre i haust.
Det er veldig koseleg å sitja og henta bær, særleg om ein er fleire saman.
Me har og brukt tid på prosjekt "nytt spisebord" til fjoset. Er nå ferdig med "understellet" Så nå står det att å få ferdig 4,5 meter bordplate.
Men som sagt, får bruka eit eige innlegg på det, trur eg.
Ei god helg bør avsluttast som dette - fin kveld på terrasen. Men kveldane er kaldare enn før i sommar, hausten er på veg. |
Ja en må bare nyte disse herlige dagene.
SvarSlettKose seg som best en kan.
Ha ei herlig sensommeruke :)