I dag flytta endeleg dei fyrste hønene inn i den nye hønegarden vår. Fire Hollanske dverghøner og ein Sjegghøne hane (festleg)
Koseleg å ha nokon tripande rundt i den store garden. No ventar me berre på 5 Jærhøner og ein hane, så skulle bestanden vera på plass.
Dei tok seg fyrst tid til å inspisera huset sitt.
Før dei våga seg ut og fann makk og andre godsaker.
Berre kyllingar enno, så garden vert som ein heil verden for dei små.
Gler meg til ferske egg, men
det går nok ei tid før dei kjem.
Så flotte høns da :)
SvarSlett