lørdag 20. april 2013

Han vart lang vinteren - men ikkje evig


 Den siste veka har me tint i Hykken. Den store snøfonna har måtta gitt seg og under den var det grøne strå.
Krokus, snøklokker og påskeliljer blomstrar.
Dei nye rosa hagehanskane har fått "smaka" mold for fyrste gong.
Jau, han vart lang vinteren - men ikkje evig.

Eg har vore på hagesenteret og fått heim stemorsblomster og ranukler som har fått plass i krukker og tønner.
Fantastisk å kjenna at nå er me igang - vår, tralala, vår tralala, vår...........


Og i bedet bortmed steingarden i oldemorhagen, der kikkar dei lysegrøne spirerne opp - utruleg kor glad ein kan verta av slike småting.

 Og det grøne heilt til venster i den gule kjøkkenkassa mi - det er grasløk.  mulig det blir fersk grasløk i fiskesuppa mi imorgon.
Og snart, snart står heggen i full blomst - gleder meg.

NYT VÅREN DER DU ER!!!!!

Nordaførr vårvise







1 kommentar:

  1. JA det er godt når en kan begynne
    å plante ut litt. Må nok vente ei
    stund til her, men i begynnelsen
    av mai klarer jeg nok ikke å vente lenger.
    Skal til Jæren i slutten av uka, håper å få kjenne
    litt på våren der da.
    Ønsker deg ei herlig uke :)

    SvarSlett