lørdag 27. april 2013

Kjøkkenhagen min

Kjøkkenhagen min er ikkje stor og imponerande. Men fargerik, det er han. Sist vår fekk eg heim pallekarmar og måla endel av dei i gilde fargar, resten fekk vera som dei var. Dette vart blogga for omtrent eit år sidan, om du skulle ha lyst å sjå korleis det gjekk til.
Så i år  var det berre ei oppfisking som skulle til før eg og Stine kunne ta frøposane fatt.
Sist sommar hausta me reddikar, squash og masse urter.
Men då var me litt seine å koma igang - i år er forhåpningane store.
Urtene har klara seg fint, og når eg tok til å ruska i dei tørre kvistane som stod att kom den gode lukta av timian, mynte og andre urter smygande - så fantastisk det er at våren er her, tenk alt det gode som ligg framom oss.

Molda hadde sige godt ihop, så me måtte fylla på med 10-15 sekker jord før me kunne byrja såinga.

Men så var kassane klare for nye frø.
I år vil me prøva å få til sukkererter, purre og gulrot i tilegg til ulike salatsortar. Men det er begrensa kva me har plass til.
Men eg må seia at neste år hadde det vore gildt med eit "eplestykke" (potetåker)
Og eit drivhus står høgt på ønskelista - heldige alle dei som kan dyrka sine eigne tomatar og agurk, sukk......
Eg har passa på å oppdra minstejenta godt - ho frydar seg når ho får vera med på hagearbeid.

Så sjølv om våren er travel og hagearbeidet ofte vert avbrote av forstyrrande ting som jobb - så kosar me oss i Hykken for tida.
Vår, tralala vår...............

3 kommentarer:

  1. Heldige Stine som har egen kasse, herlige våren.

    Hilsen Tove Kristin

    SvarSlett
  2. Så fin hage da! Håper det blir mye godt å spise der i sommer da :)
    God helg :)

    SvarSlett
  3. Ja det går ann å starte med planting på Jæren nå.
    Var der i helga og lørdagen var jo veldig fin.
    Flotte grønnsagssenger.
    Ønsker deg ei herlig uke :)

    SvarSlett