torsdag 2. mai 2013

Eg fekk eit hol i gardsrommet


 Eg har fått meg eit hol i hagen, eller skal eg seia gardsrommet. Eit hol kan for såvidt vera greitt som ein overgang.
Greia var nemleg at ungane alltid tok snarvegen over steingarden og tråkka ned blomane i bedet når dei skulle til garasjen.
Og det er klart det, ungane er intressert i å rasjonalisera - slett ikkje vits i å gå 15 steg for mykje. Kan jo tids nok få bruk for energien.
Kunne jo vera fint og om løkane mine for ein gongs skuld kunne fått blomstra i fred.
Så ein dag kom naboen innom med ein liten gravemaskin han hadde lånt, og laga eit hol. Så treng eg ikkje bekymra meg over at nokon skal trø ned blomane iallefall "Du sko sett kor mange løkar som kom fram då me grev" sitat Hykkenmannen - Å,  seier du det du, var det løk der - me får laga løksuppe då.

Men uansett, så har eg eit hol nå - i gardsrommet. Og det gjeld å nytta gravemaskinen medan han er der.
I dag då eg kom heim var det plassert røyr i holet.
Så no nærmar det seg nok at eg får ein nydeleg gjennomgang, grusa og støypt. Og ingen vil trenga å gå dei 15 stega ekstra før me set oss i bilen eller på mopeden.
HELDIGVIS

GÅTE:
Det tok ein time å grava holet - kor lenge ville det ha teke å grava eit halvt hol?
(Svar: Det er umogleg å grava halve hol)

Draumen (etter mottoet "drøym stort")




 Reknar med at det blir omtrent som dette når det er ferdig, stemmer ikkje det ??
Bilete fann eg då eg googla pergolagang........
Får eg det slik til slutt, så er tilgivelsen for løkane mine innvilga....






Fortsettelse følger...............

"Heimen er både vond og god;det skifter med sut og gaman.Hæv er den som med same modkan taka mot alt i saman"
Ivar Aase



1 kommentar:

  1. Ja energisparing er vel inn?? hehe
    Dette kommer til å bli flott. Om ikke slik som på det siste bilde så blir det nok fint likevel.
    Ønsker deg ei herlig helg :)

    SvarSlett