Me har hatt høner i Hykken før, og det likar me godt. Men i haust vart me einige om at hønene nok ikkje hadde det heilt godt der dei budde. Det var ein alfor kald og mørk del av garden. Difor fann me ut at det var best om me flytta hønegarden tilbake der han var "før i tida" Og då meinar eg den "før i tida" då eg var liten. Før det igjen var dei der eg no har kjøkkenhagen.
Men sørføre fjoset der vil det nok verta godt å vera høne. Me var på Felleskjøpet på Varhaug å handla inn nett og gjerdestaur.
På laurdag var det surt og kaldt, likevel sette me igang med godt mot. Irriterande at ein skal få naglabed av å arbeida ute i mai.
Men me kom så langt at me fekk nettet opp før me tok kveld.
Trodde nesten dere skulle ha tredeve høner, hehe
SvarSlettJa her blir det god plass å botre seg på.
Jeg er jo vokst opp på "hønsegard" Med burhøns.
Så dette er virkelig god plass. Godt at det ikke er lov å stue så mange høns inn på et lite område nå lenger. De hadde det jo alt for trangt.
Håper hønsene vil glede dere mad mange gode egg fremover sommeren
Ha ei riktig god uke :)